Bygg unikt og skikkeleg med lokale fagfolk
Me er sikker på at flinke tilsette og godt arbeidsmiljø gir gode faglege prestasjonar i form av prosjekt og leveransar, og gjennom dette kundar som får ei god oppleving, eit godt produkt og vert fornøgde.
Me er sikker på at flinke tilsette og godt arbeidsmiljø gir gode faglege prestasjonar i form av prosjekt og leveransar, og gjennom dette kundar som får ei god oppleving, eit godt produkt og vert fornøgde.
Her er eit lite utval av unike og arkitektteikna hus og hytter Hendug har vore med å bygge.
Hendug har lokal kunnskap og erfaring om topografi, klima og byggetradisjonar i Hallingdal, og nyttar lokal arbeidskraft og kortreiste råvarer når dette er mogleg.
Vil du nytte fagfolk som har lang erfaring med å bygge unike hus og hytter? Og lokale handverkarar som også er der for deg etter at prosjektet er ferdig?
Har du, eller arkitekten du har valt, teikna det unike huset eller hytta di, så vil Hendug gjerne vera med å bygge draumen din til verkelegheit.
Hendug har ein eigen hall for produksjon av tømmerhytter og – hus i laft og stavlaft, eller kombinasjonar av desse tradisjonelle byggeformene, samt restaurering.
Hendug tek på seg restaurering av verneverdige og freda bygg i tømmer. Vurdering og prioritering av tiltaka vert gjort i samråd med eigar av bygget og evt Riksantikvaren når det gjeld freda bygg.
Hendug har eiga serviceavdeling som kan hjelpe deg med montering av kjøkken, bad og anna innreiing, samt mindre tømrar- og rehabiliteringsoppdrag.
Hendug er alltid på jakt etter nye, dyktige arbeidstakarar som kan auke kapasiteten vår og gjera Hendug sine tenester og produkt endå betre. No er vi på jakt etter erfarne tømrarar og laftarar.
Hendug har eit stort og godt nettverk med dyktige arkitektar og interiørarkitektar som me har gjennomført mange prosjekt i lag med.
Med erfarne fagfolk har Hendug fokus på kvalitet og bygger anneks, hytter og hus i tømmer (laft/ stavlaft) og reisverk, og tilbyr sine tenester i heile Hallingdal; frå Flå til Hol.
Hendug leverer tenester og produkt til avtalt tid, kvalitet og konkurransedyktig pris
Hendug har sertifiseringar og godkjenningar for å utføre prosjekta med riktig kompetanse og kvalitet jamfør forskrifter, retningslinjer og standardar
Hendug nyttar hensiktsmessige og oppdaterte verktøy og fagfolk for effektiv gjennomføring av byggeprosjekt
Hendug har kunnskap og erfaring om geografi, klima og byggetradisjonar i Hallingdal, og har fokus på berekraft og nyttar framtidsretta byggevarer og -tenester når det er mogleg
Hendug har over tid knytta til seg samarbeidspartnarar og leverandørar med riktig kvalitet og pris på sine produkt og tenester
Hendug er eigd av dei tilsette og har ein lokal og stabil arbeidsstokk som også vil vera tilstades for kundane i framtida
Då kan Hendug vere den rette samarbeidspartnaren for deg.