Arkitektar
Skal du bygge di unike hytte eller hus i tømmer (laft eller stavlaft) eller reisverk, tradisjonell eller moderne arkitektur?
Hendug har eit stort og godt nettverk med dyktige arkitektar og interiørarkitektar som me har gjennomført mange prosjekt i lag med. Arkitekten hjelper deg med å få teikna og visualisert dine behov, ønsker og idéar ned på papiret, kan køyre byggesøknaden for deg, samt vera sparringspartnar og rådgjevar undervegs i prosjektet til nøkkelen står i døra.
Ta gjerne kontakt med oss om du ønsker referanseprosjekt og råd om kva for arkitektar som kan høve til å teikne hytta eller huset du vil bygge.