Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel korleis Hendug Bygg AS samlar inn og brukar personopplysningar.

Vår adresse er: Oppsjøvegen 13, 3570 Ål

Erklæringa gjeld for følgjande:
www.hendug.no

Hendug Bygg AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Vår databehandlar på denne nettstaden er

Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.

Kva personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøker ei nettside.

Vi brukar ingen unødvendige informasjonskapslar på hendug.no, og samlar t.d. inn brukarstatistikk utan bruk av informasjonskapslar.

Nettstaden brukar følgande informasjonskapslar:
__cf_bm: Vert sletta automatisk etter 1 time. Blir brukt av Cloudflare via Vimeo, og er naudsynt for å vise ein film publisert på Vimeo. Informasjonskapselen blir brukt for å lese og filtrere spørringar frå robotar.
_cfuvid: Denne blir brukt av Cloudflare via Vimeo og er naudsynt for å sette ei grense for kor mange spørringar som blir gjort av videoen på hendug.no innanfor eit visst tidsrom. Informasjonskapselen blir sletta når du forlater nettstaden.

Rettleiingar:

Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar vi ein mellombels informasjonskapsel for å finna ut om nettlesaren din godtek informasjonskapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren. Men når du loggar inn, lagar vi fleire informasjonskapslar for å lagre innloggingsopplysningane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminformasjonskapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vare i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.

Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Den inneheld ingen personlege opplysningar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Den går ut etter ein dag.

Media

Viss du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse dataene er fjerna kan dei som får tilgang til biletet kanskje kunne sjå kor og når biletet er teke, og kva kamera som er nytta.

Skjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, så vert dei opplysningane du legg inn lagra bak innlogging på nettstaden, og er tilgjengeleg for administrator og vår dataleverandør, i tillegg til at opplysningane vert sendt oss på epost. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema sidan e-posten med dataene vert sendt ukryptert. Vi lagrar opplysningane i våre system så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Kven vi deler opplysningane dine med

På alle nettstadane nyttar vi informasjonskapslar (sjå forklaring lenger oppe). Viss du fyller ut skjema på nettstaden vert dataene du fyller inn, saman med tidspunkt sendt til oss på e-post, i tillegg til at dei vert lagra bak kryptert pålogging i skjemaverktøyet vårt. Skjema samlar ikkje inn IP-adresser.

Data som vert sendt inn via skjema på ei av desse tenestene vert lagra på server hos vår databehandlar, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med.

Kor lenge vi lagrar opplysningane dine

Vi lagrar opplysningar om brukarane som registrerer seg her, t.d. alle som har tilgang til å redigere innhald på nettstaden, så lenge som dei sjølve ønskjer å ha brukartilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette personopplysningane sine når som helst, men dei kan ikkje endre brukarnamn. Styrarar på nettstaden kan òg sjå og endre desse opplysningane.

Viss du har sendt oss opplysningar via eit skjema, eller har eit kundeforhold til oss, så lagrar vi opplysningane så lenge som naudsynt for å kunne yte tenester til deg. Vi ønskjer å behalde dataene også etter at vi er ferdige med å vere leverandør, eller behandlar førespurnaden frå deg, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve.

Kva rettar du har over opplysningane dine

Viss du har ein brukarkonto, eller har sendt inn skjema på denne nettstaden, kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysningane vi har om deg, mellom anna alle opplysningane du har gjeve oss. Du kan òg be om at vi slettar alle personopplysningar vi har om deg. Kontakt oss dersom du vil at vi skal gjere dette. Dette gjeld likevel ikkje data vi må lagre av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar.

Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss på post@hendug.no eller telefon 32 08 59 40.